Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Høg oljepris og Equinor-oppgang bidrog til at hovudindeksen ved Oslo Børs steig 1 prosent til 1.211,35 poeng fredag. På ei veke har indeksen stige 2,4 prosent.
Publisert: 03.02.2023 kl 17:39
Equinor-aksjen var, som dei fleste dagar, den mest omsette, og verdien steig med 2,1 prosent. Oppover gjekk det også for mellom anna Telenor (+1,9), Norsk Hydro (+0,5) Aker BP (+1,9) og DNB (+1,6).
Blant dei ti mest omsette aksjane var det berre Salmar (-1,2) og Nordic Semiconductor (-0,3) som fall.
Nordsjøolje vart fredag ettermiddag omsett for 83,65 dollar fatet, ein oppgang på 1,9 prosent frå nivået i natt.
(©NPK)
Det har vore ei god veke på Oslo Børs. Arkivfoto: Beate Oma Dahle / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.