Annonse

Borussia Dortmund-stjerne bøtelagt etter regelbrot

Borussia Dortmund-spelar Jadon Sancho har vorte bøtelagd etter å ha fått ein hårklipp i eigen heim. – Ein stor vits, svarer Sancho med på Twitter.

Det var i strid med gjeldande retningslinjer for å forhindre spreiing av koronaviruset i Tyskland. I alt seks Dortmund-spelarar deltok i seansen.

Fleire bilde vart i etterkant av seansen delt på sosiale medium. Der var det tydeleg å sjå at Sancho ikkje hadde på munnbind rundt andre personar, som var ein del av den strenge tryggingsprotokollen for at tysk fotball skulle starte opp igjen.

– Spelarane frå Borussia Dortmund hadde openberra brote generelle hygiene- og infeksjonsvernstandardar ved heimefrisyrar, skriv den tyske ligaen (DFL) på nettsidene sine.

– Det er klart at profesjonelle fotballspelarar òg skal klippe håret. Men det skal føregå på ein måte der dei overheld dei medisinske og hygeniemessige reglar, heiter det vidare.

Det er ikkje kjent kor mykje ungguten må ut med som følgje av regelbrotet. Han er tydeleg usamd med bota, ifølgje ein tweet frå spelaren sjølv klokka 18.06:

– Ein stor vits, DFL, skriv Sancho.

På banen går det betre for 2000-modellen. Mot Paderborn sist søndag vart det tre mål. Totalt har det vorte 17 mål denne sesongen. Dortmund er sju poeng bak Bayern München med fem kampar igjen og møter «norske» Hertha Berlin laurdag kveld.

(©NPK)

Borussia Dortmund-stjerna Jadon Sancho feira i helga mål med å vise fram påskrifta «Justice for George Floyd». Foto: Lars Baron / Pool via AP / NTB scanpix