Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Popduoen Bow To Each Other har fått årets Bendiksenpris på 100.000 kroner. Vinnaren vert rekna som ein god kandidat til å bli ein av dei neste store musikkeksportane til utlandet.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 20:00
Popduoen tok imot prisen tysdag kveld.
– Det kjennest utruleg bra at arbeidet vi har lagt ned i musikken vår blir anerkjent, og at musikken blir sett pris på, uttalte dei to da nominasjonen blei kjent tidlegare denne månaden.
Norsk-canadiske Bow To Each Other består av Gunhild Ramsay Kristoffersen og Megan Kovacs. I juryens grunngjeving heitte det mellom anna at artistane lagar popmusikk av ypparste klasse og representerer noko av det mest spennande som har komme ut av den norske popverda dei siste åra.
I januar danka duoen ut både a-ha og Marcus & Martinus med sitt Susanne Sundfør-produserte album «My Heart is a Target» og vann Spellemann i popklassen.
Bendiksenprisen er kalla opp etter artist og produsent Arne Bendiksen og blei tysdag delt ut for sjuande gong. Det er interesseorganisasjonen GramArts styre – sett saman av de nominerte sine eigne musikarkollegaar – som kårar vinnaren.
Tidlegare vinnarar er mellom andre Karpe Diem, Ida Jenshus, Stein Torleif Bjella og Highasakite. I tillegg til Bow To Each Other var årets nominerte Anders Jektvik, Bendik, Ingebjørg Bratland og No. 4. (©NPK)