Bra kolesterol kan likevel vere farleg

(NPK-NTB-Reuters): Amerikanske forskarar har funnet ut at det såkalla «gode» HDL-kolesterolet faktisk kan auke faren for hjarteinfarkt hos enkelte personar.

HDL-kolesterolet er tradisjonelt knytt til redusert risiko for hjarte- og karsjukdommar fordi det bidrar til å utlikne den negative effekten av det helseskadelege kolesterolet LDL.

Men enkelte personar har ein sjeldan genetisk mutasjon som gjer at kroppen deira har eit høgare HDL-nivå enn normalt, og paradoksalt nok er det denne gruppa som har høgare risiko for hjarte- og karsjukdommar, meiner forskarane.

– Resultata våre indikerer at nokre årsaker til høgt HDL-nivå faktisk fører til auka risiko for hjartesjukdom. Dette er den første påvisinga av ein genetisk mutasjon som aukar HDL-nivået, men samtidig aukar faren for hjartesjukdommar, seier forskingsleiar Daniel Rader ved University of Pennsylvania.

Forskarane håper funna kan bidra til å forklare kvifor medisinar som er laga for å auke produksjonen av HDL-kolesterol, så langt ikkje har vore ein suksess.

– Desse uventa funna banar veg for vidare forsking på kva for behandlingstypar som kan redusere talet på hjarteinfarkt i framtida, seier Peter Weissberg, medisinsk direktør i stiftelsen British Heart Foundation.

Forskarane fann dessutan ut at mutasjonen, som dei meiner er ein feilslått versjon av genet SCARB1, særleg finst hos askenasiske jødar. (©NPK)

Annonse