Klargjør siden...
Annonse

Braathen leverte ein veldig 1. omgang og leiar klart i Madonna di Campiglio

Lucas Braathen køyrde ned til klar leiing i 1. omgang i slalåmrennet i Madonna di Campiglio. Han er heile 0,42 sekund føre næraste konkurrent.

Det er ei kort løype i Madonna med rundt 50 sekunds køyring. Braathen køyrde ned til 49,30. Sveitsiske Loïc Meillard frå startnummer 1 er toar, medan tyske Linus Strasser frå startnummer 2 er tredjemann, 0,50 sekund bak.

Braathen hadde ei forsiktig opning, og det var mange som var raskare enn han dei første ti sekunds køyring. Bærum-alpinisten fekk derimot opp farten og var i mål 0,42 sekund føre leiaren Meillard.

Henrik Kristoffersen på startnummeret tidlegare hadde også ei forsiktig opning, men han klarte ikkje å få opp farten nedover. Avstanden til landsmannen er på heile 0,74 sekund. Han held femteplassen med snus på ei ny pallplassering. Alpinisten frå Rælingen har to strake 2.-plassar i storslalåm og var nummer seks i Val-d'Isère.

Timon Haugan var raskare enn Braathen på toppen. Han tapte heller ikkje så mykje nedover, enda 0,98 sekund bak og er så vidt utanfor topp ti. Fjorårsvinnar Sebastian Foss Solevåg er 1,51 sekund bak og startar tidleg i finalen.

Alexander Steen Olsen hadde startnummer 44 blant dei 76 startande. Etter rundt 20 sekunds køyring vart det ei hekt og utkøyring. Han vart diskvalifisert frå ein 13.-plass i Alta Badia i storslalåmen måndag.

Atle Lie McGrath har slite med sjukdom i det siste og litt bar preg av det. Han mangla mykje på tempoet og var i mål 2,16 bak Braathen. Han hamna utanfor dei 30 beste som får køyre finaleomgangen.

(©NPK)

Lucas Braathen leverte ein solid 1. omgang i Madonna di Campiglio og er i klar leiing. Foto: Gabriele Facciotti / AP / NTB

Annonse