Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Alle har skuld i den syriske tragedien, men den syriske presidenten ber det tyngste ansvaret for blodbadet i heimlandet, meiner FNs tidlegare Syria-utsending, Lakhdar Brahimi.
npk@npk.no
Publisert: 11.03.2016 kl 19:45
Når alt kjem til alt, er det russarane som har forstått situasjonen best, seier Brahimi i eit intervju med den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera.
– Dersom verda hadde lytta meir til Russland, kunne krigen vore løyst alt i 2012, meiner han og viser til ferske opplysingar om at vestlege land same år lét vere å ta imot eit russisk tilbod om å presse president Bashar al Assad til å gå av.
– Russarane hadde ein langt meir realistisk analyse av situasjonen enn praktisk talt alle andre. Alle burde ha lytta litt meir til russarane fordi dei visste kva situasjonen var, seier Brahimi, som var FNs Syria-utsending frå august 2012 til mai 2014.
No er Assad ifølge Brahimi nøydd til å vere ein del av løysinga, men det betyr ikkje at «han skal fortsetje å styre i 40 år». Det er Assad som ber hovudansvaret for krigen, meiner han.
Men Brahimi fordømmer samtidig både den muslimske verda og vestlege land for feigskap. Ingen var interessert i å gi det syriske folket førsteprioritet.
– Kva gjorde amerikanarane? Kva gjorde franskmennene? Kva gjorde britane? spør Brahimi. (©NPK)