Klargjør siden...

Brann i Kolsås leir under kontroll

(NPK-NTB): Brannen i Kolsås leir i Bærum er under kontroll. Delar av leiren vart onsdag evakuert da det byrja å brenne i eit datarom.

– Det er røykutvikling i samband med ein brann i fjellanlegget i leiren. Vi veit førebels ikkje så mykje meir enn det, seier vaktleiar Vigleik Hillestad hos brannvesenet til Budstikka.

Like etter klokka 10 sa brannvesenet til NTB at situasjonen er under kontroll.

– Nødetatane er på staden. Ifølgje Forsvaret er alle tilsette evakuerte frå det aktuelle område, tvitrar politiet i Asker og Bærum.

Forsvaret driv sløkking med eigne mannskap med røykdykkarutstyr.

Skadeomfanget er uvisst, men ingen personar er skadde, opplyser politiet.

Kolsås-leiren husar fleire avdelingar i Forsvaret: Akershus kommandantskap, IKT-avdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon, delar av Nasjonalt tryggingsorgan og Cyberforsvaret. (©NPK)

Annonse