Klargjør siden...

Brann-kvinnene mistar suksesstrenaren: Alexander Straus blir henta til Bayern München

Alexander Straus forlèt Brann etter to år som hovudtrenar til fordel for kvinnelaget til Bayern München.

Det stadfestar Bayern på nettsidene sine måndag.

Bergensavisa var først med å melde at den tyske storklubben var interessert i Straus. Seinare stadfesta Branns dagleg leiar Christian Kalvenes interessa overfor TV 2, og sa at klubbane var i samtalar om ein avtale.

Bayern München sparka nyleg trenaren Jens Scheuer etter tre år i jobben. Storklubben har vunne den tyske kvinneligaen fire gonger, seinast i fjor.

Straus har hatt stor suksess med Brann sidan han overtok trenarjobben i september 2020. I fjor vart det seriegull og cupfinaletap for Vålerenga.

46-åringen var også trenar for klubben, som då heitte Sandviken, i 2018. Då tok Straus klubben til sin første cupfinale sidan 1995 og ein 4.-plass i Toppserien. 46-åringen har tidlegare vore assistent under David Nielsen i Strømsgodset.

(©NPK)

Alexander Straus blir trenar for kvinnelaget til den tyske fotballklubben Bayern München. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse