Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Brannen i Nortura-anlegget i Tønsberg er under kontroll. E18 er opna igjen, og dei evakuerte kan flytte heim, opplyser politiet.
npk@npk.no
Publisert: 16.06.2016 kl 18:52
Sist oppdatert: 16.06.2016 kl 19:55
Politiet i Vestfold melde om brannen i Nortura-anlegget ved 18-tida torsdag og bad bedrifter og folk sør for anlegget om å evakuere. I tillegg vart E18 stengd på grunn av røykutviklinga.
Ifølgje politiet er det ikkje meldt om personskadar.
Det er førebels uvisst korleis brannen starta.
Nortura kallar anlegget i Tønsberg Noregs største pølsefabrikk med rundt 500 årsverk. Fabrikken produserer òg leverpostei og andre produkt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.