Bransons planar om romturisme er eitt skritt nærare

Richard Branson seier Virgin Galactics prøvetur til verdsrommet torsdag var ein av dei beste dagane i livet hans. Han vil sjølv vere med på ein ny prøvetur.

Det blir fleire prøveturar i tida som kjem, og viss alt går etter planen, vil Branson sjølv vere med på ein slik tur, før folk flest får moglegheit til å gjere det same.

- Eg meiner at vi i løpet av andre halvår neste år kan byrje å sende vanlege folk opp i rommet, sa Branson fredag.

Han beskreiv torsdagen som ein av dei beste dagane i livet hans.

Selskapet til milliardæren Virgin Galactic ser på distansen på 80 kilometer frå jorda som grensa til der verdsrommet byrjar.

- Vi nådde fram til verdsrommet!, utbraut talsmannen til programmet, Enrico Palermo, då fartøyet nådde ei høgde på 82 kilometer før det starta innflyginga til basen på jorda igjen.

Draum nærare røyndom

Den vellykka testen fører Virgin Galactic nærare den sterkt forseinka draumen om å starte kommersiell romturisme. Fartøyet til selskapet har plass til seks passasjerar og er omtrent på storleik med eit privat businessfly.

Virgin Galactics administrerande direktør George Whitesides seier analysar av data frå prøveflyginga vil gå føre seg inn i nyåret.

- Dette er eit stort skritt fram, og når vi har fått sett gjennom dataa, vil vi kunne sjå korleis vegen vidare blir, seier han.

Turistromskipet, kalla Space Ship Unity, vart løfta til ei høgde på 13.100 meter med eit spesialbygd fly. I denne høgda vart turistromskipet sleppt laus frå moderskipet. Rakettmotoren starta opp, og fartøyet steig hurtig ut av syne for folk på bakken. Fartøyet nådde ein fart på mach 2,9, nesten tre gonger farten til lyden.

600 passasjerar

Testflygarane var Mark «Forger» Stucky og tidlegare NASA- astronaut Rick «CJ» Sturckow.

- Det var ei flott flyging og eg ser fram til å gjere det igjen, seier Sturckow, som har floge med NASAs romferjer fire gonger.

Branson ser no fram til å la «vanlege folk» få oppleve nokre minutt i vektlaus tilstand i verdsrommet. Over 600 personar har så langt forplikta seg til å betale opp til 250.000 dollar for ein slik tur. Blant dei er Leonardo DiCaprio og Justin Bieber.

Men fartøyet er ikkje laga berre for moro og som spektakulær kulisse for selfies over jorda. NASA nytta høvet til å gjennomføre forskingsprosjekt på prøveturen, og fartøyet skal brukast til meir forsking på nye ferder.

Forseinkingar

Bransons eventyr starta i 2004 då han kunngjorde etablering av selskapet Virgin Galactic. Milliardæren fekk hjelp til finansiering av den no avlidne Microsoft- milliardæren Paul G. Allen. Målet var å sende folk ut av atmosfæren allereie i 2007.

Utviklinga av romfartøyet tok lengre tid enn det Virgin Galactic såg for seg, og selskapet vart påført eit tilbakeslag då det første fartøyet braut saman under ei prøveflyging i 2014. Den eine av flygarane døydde.

- Folk har bokstaveleg talt gitt liva sine for å få oss fram hit. Denne dagen er like mykje for dei som han er for alle oss andre, seier Branson.

Ein av Bransons rivalar i bransjen, Tesla- og SpaceX-grunnleggar Elon Musk, ser lengre enn prosjekt i jordbane. Han kunngjorde nyleg planar om å sende ein japansk forretningsmann på ei ferd rundt månen.

(©NPK)

Richard Branson, flankert av testflygarane Rick «CJ» Sturckow (til venstre) og Mark «Forger» Stucky (til høgre) etter prøveflyginga torsdag. Foto: AP / NTB scanpix

Space Ship Unity trygt tilbake på bakken i Mojaveørkenen i California etter turen ut av atmosfæren. Foto: AP / NTB scanpix

Eit spesialbygd fly frakta romfartøyet opp til ei høyde på 13.100 meter. Foto: AP / NTB scanpix

Virgin Galactics turistromfartøy Space Ship Unity nådde starten på verdsrommet torsdag. Foto: AP / NTB scanpix

Virgin Galactic turistromskip nådde ei høyde på over 80 km og kan snart frakte turistar ut av atmosfæren.