Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Brasils helsedepartement ber gravide kvinner rådføre seg med lege før dei reiser til Brasil fordi dei kan bli smitta av Zika-feber viss dei får myggstikk.
npk@npk.no
Publisert: 18.01.2016 kl 15:43
Zika-viruset gir relativt milde symptom, men kan spreie seg til fosteret og i verste fall gi hjerneskade.
I helga åtvara amerikanske styresmakter gravide kvinner mot å reise til i alt 14 forskjellige land og område i Latin-Amerika på grunn av utbrot av Zika-feber. Det skjer etter at ein baby som var smitta av viruset, vart født med hjerneskade på Hawaii. Mor til barnet budde i Brasil i mai 2015, og fosteret vart mest truleg smitta under dette opphaldet.
Som følgje av dei amerikanske åtvaringane skjerper brasilianske styresmakter tiltaka mot sjukdommen. Blant anna vert turistar tilrådde å bruke myggspray og lange ermer.
Reiserådet frå USA gjeld for Brasil, Colombia, El Salvador, Fransk Guyana, Guatemala, Haiti, Honduras, Martinique, Mexico, Panama, Paraguay, Surinam, Venezuela og Puerto Rico. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.