Brasiliansk minister talte som Göbbels – fekk sparken

Brasils kulturminister har fått sparken etter å ordlagt seg på ein måte som minte sterkt om ein tale halden av Nazi-leiaren Joseph Göbbels.

– Brasiliansk kunst vil bli heroisk i det kommande tiåret, og han vil bli nasjonal, sa kulturminister Roberto Alvim i ein video han nyleg publiserte.

– Eller så blir han ikkje noko, la han til litt seinare.

Brasilianske medium oppdaga at desse formuleringane hadde svært store likskapstrekk med ein tale halden av Joseph Göbbels, Adolf Hitlers propagandaminister. Talen blir sitert i ein biografi skriven av ein tysk historikar.

I Alvins video blir det spelt musikk av den tyske komponisten Richard Wagner i bakgrunnen, noko som bidrog til å forsterke Nazi-assosiasjonane.

Etter å ha fått kritikk svarte Alvin først at likskapstrekka med Göbbels' tale var heilt tilfeldig og at han ikkje visste kor formuleringane stamma frå.

Etter veksande press, mellom anna frå ein organisasjon for brasilianske jødar, vart han likevel nøydd til å trekke seg fredag. Brasils sterkt høgreorienterte president Jair Bolsonaro erkjente at Alvins situasjon hadde vorte uhaldbar.

Alvins video vart spelt inn i samband med eit nytt initiativ frå Bolsonaro-regjeringa for å fremme kunst med eit nasjonalt og religiøst preg.

(©NPK)