Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Nesten alle dei mest omsette selskapa på Oslo Børs gjekk opp måndag. Då børsen stengde hadde den gått opp nesten 10 poeng, eller 1,6 prosent.
npk@npk.no
Publisert: 11.07.2016 kl 17:50
Blant dei ti mest omsette var Telenor den einaste som fall, med 0,2 prosent.
Mest omsett er Statoil, som gjekk opp 1,3 prosent. Subsea 7 hadde størst endring, og gjekk opp 4,5 prosent, tett følgt av Norsk Hydro (+4,2) og Yara International (+3,0).
Oppgangen i Oslo følgde ein kraftig auke i Asia. Elles i Europa var det også optimisme måndag. Best står det til i Frankfurt, der DAX 30-indeksen heva seg 2 prosent. I Paris gjekk CAC 40-indeksen opp 1,7 prosent, medan stemninga ikkje er fullt så bra i London, der FTSE 100-indeksen auka med 1,3 prosent.
Oljeprisen held seg låg, på omtrent same nivå som den har vore sidan fallet på torsdag. Nordsjøolje blir omsett for 46,80 dollar, og amerikansk lettolje kostar 45,40 dollar fatet. (©NPK)