Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Annika Bohnenblust): Ankesaka om soningsforholda til terrordømte Anders Behring Breivik er sett opp i Borgarting lagmannsrett 29. november, men advokaten hans har meldt forfall.
npk@npk.no
Publisert: 05.08.2016 kl 10:21
Sist oppdatert: 05.08.2016 kl 11:56
Det er sett av fire dagar til saka.
– Staten har bedt om ei rask tidsfastsetjing, og lagmannsretten har lagt opp til slutten av november. Om det blir det endeleg tidspunktet avheng også av om motparten har høve då, sa regjeringsadvokat Marius Emberland til NTB tidlegare fredag.
Breiviks advokat Øystein Storrvik har tidlegare antyda at han har tett program heile hausten og ville føretrekkje at ankesaka først kjem på nyåret.
Storrvik seier til NTB at han trur saka først kjem opp i 2017.
– Eg har meldt gyldig forfall fordi eg same veka er opptatt i trippeldrapssaka frå Pakistan i Borgarting lagmannsrett. Men det er retten som bestemmer, og eg ventar på svar, seier Storrvik.
Han reknar med at lagmannsretten finn ut av dette, ettersom det er to alvorlege saker i same domstol same veke.
Staten vart frifunne for brot på artikkel 8 om respekten for privatliv.
Regjeringsadvokaten anka dommen både på grunn av rettsbruk og bevisvurdering. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.