Breivik avstod frå nazihelsing

(NPK-NTB): Anders Behring Breivik oppfylte ønsket frå dommar Helen Andenæs Sekulic om å ikkje utføre ei nazihelsing då han kom til retten onsdag.

På slutten av rettsdagen tysdag sa Sekulic at ho ville sette pris på om han lèt vere å komme med helsinga resten av dagane i retten.

Ein noko motvillig Breivik uttalte at han ville «prøve å ta omsyn til det». Han omtalte handrørsla som ei norrøn helsing forfedrane hans hadde brukt for tusen år sidan. Ekspertar og forskarar har likevel vore tydelege på at det var ei klassisk nazistisk helsing har viste.

Onsdag skal Breivik sjølv i vitneboksen. Det er sett av tre timar og eitt kvarter til forklaringa hans. Forklaringa blir ikkje kringkasta direkte fordi tingretten er redd for at han skal sende koda beskjedar til støttespelarar. (©NPK)

Annonse