Breivik sende brev til svensk drapsmann

(NPK-NTB): Anders Behring Breivik ser på den svenske seriedrapsmannen Peter Mangs som ein «bror» og har sendt brev til han i fengselet, skriv Aftonbladet.

Mangs, også kjent som Malmö-skyttaren, vart i 2013 dømt til livstid i fengsel for to drap og åtte drapsforsøk.

Breva frå Breivik til Mangs vert omtalt i boka «Raskrigaren» av religionsforskaren Mattias Gardell. Boka handlar om Mangs, som i årevis spreidde frykt i Malmö, men Gardell har også møtt Breivik. Forskaren var eitt av ekspertvitna under rettssaka i 2012.

– Breivik såg på Mangs som den «fremste nordiske rasekrigaren etter fascismens fall» – etter han sjølv, sjølvsagt, seier Mattias Gardell til avisa.

Gardell seier derimot at Breiviks beundring ikkje var gjensidig.

– Eg kasta breva, seier Mangs til forfattaren. (©NPK)

Annonse