Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Utanriksminister Børge Brende (H) fordømmer likvidasjonen til Abu Sayyaf-geriljaen av den canadiske gisselen Robert Hall på Filippinane.
npk@npk.no
Publisert: 13.06.2016 kl 16:39
– Eg fordømmer på det sterkaste drapet på Robert Hall på Filippinane. Drapet, gjort av terrorgruppa Abu Sayyaf, må møtast med avsky og fordømming, heiter det i ein uttale frå Brende.
– Tankane mine og medkjensla mi går til Robert Halls familie og venner, seier Brende.
Hall blei bortført frå eit ferieanlegg på øya Samal utanfor Mindanao sør på Filippinane natt til 22. september, saman med den filippinske kjærasten sin Marites Flor, landsmannen Robert Ridsdel og nordmannen Kjartan Sekkingstad.
Ridsdel blei likvidert av gisseltakarane 22. april og Sekkingstad og Flor er no dei einaste attlevande av gislane.
– To gislar sit framleis i fangenskap og tankane våre går også til dei attverande gislane og deira familie og pårørande. Frå norsk side held innsatsen fram for å finna ei løysing for dei gislane som er att, seier Brende. (©NPK)