Klargjør siden...
Annonse

Brentford-kampar utsett etter koronasmitte

Den engelske fotballklubben Brentford har fått utsett sine to neste kampar på grunn av koronasmitte. Hovudtrenar Thomas Frank er blant dei smitta.

Klubben melder på nettstaden sin at det var fleire positive prøver under siste runde med koronatestar, og at ligaens medisinsk ansvarlege har råda klubben til å stengje treningsanlegget sitt. Klubben har meldt at han ikkje kan stille lag til dei kommande kampane.

Følgjeleg er heimekampen på onsdag mot Bristol City og bortekampen på laurdag mot Reading i meisterskapsserien utsett.

Klubben melder at den danske hovudtrenaren er smitta, men vil av omsyn til personvernet ikkje namngi andre smitta.

English Football League melde onsdag i ei fråsegn at det var 123 positive prøver på dei 4038 testane som vart utførte i perioden 4. til 10. januar. Hos 31 av dei 72 klubbane var det ingen positive prøver, noko som betyr at det vart påvist smitte hos dei 41 andre klubbane.

(©NPK)

Brentford-trenar Thomas Frank er koronasmitta. Det er òg fleire andre i klubben, og dei to neste kampane er utsette. Foto: Adam Davy, Pool via AP / NTB