Brexit kan bli dyrt for britiske eksportørar

(NPK-NTB-AF): Britiske eksportørar kan få 5,6 milliardar pund i ekstra tollavgifter i året om landet går ut av EU, åtvarar WTO.

Storbritannia må truleg forhandle fram nye avtalar med EU og alle dei 58 landa som unionen har frihandelsavtalar med, åtvarar Roberto Azevedo i Verdshandelsorganisasjonen om konsekvensane ved ein brexit.

I mellomtida meiner organisasjonen det kan gi årlege ekstrautgifter for britiske eksportørar som svarar til 66 milliardar kroner etter dagens kurs.

WTO kjem med åtvaringa før britane held folkeavstemming om EU-medlemskapet 23. juni. Fristen for å registrere seg som veljar i folkeavstemminga går ut tysdag. Meiningsmålingane antydar jamt løp. (©NPK)