Breyer trekkjer seg frå USAs høgsterett

Den liberale dommaren Stephen Breyer har varsla at han trekkjer seg frå høgsterett allereie torsdag.

Same dag overtek Ketanji Brown plassen hans etter at ho vart godkjend av Senatet tidlegare i år.

At overtakinga skjer allereie torsdag, tyder på at høgsterett er interessert i å avslutte sesjonen i vår raskt. Fleire dommarar har vorte utsette for dødstruslar sidan den omstridde rettsavgjerda som opnar for at abort kan forbydast i delstatane.

To store saker ligg framleis og ventar på ei avgjerd, ein om innvandring og den andre om miljø.

Etter Browns overtaking held høgsterett fram med å ha konservativt fleirtal med seks mot tre. Ein av dei seks, høgsterettsjustitiarius John Roberts stemmer nokre gonger med dei liberale tre.

(©NPK)

USAs høgsterett. Stephen Breyer, nummer to frå høgre framme, trekkjer seg torsdag, og Ketanji Brown overtar plassen hans. Foto: Erin Schaff / The New York Times via AP / NTB

Annonse