Annonse

Brit Skjelbred midlertidig fylkesmann i Sør-Trøndelag

(NPK-NTB): Brit Skjelbred (66) er konstituert i stillinga som midlertidig fylkesmann i Sør-Trøndelag. Grunnen til at ingen blir tilsett fast, er ei mogleg samanslåing mellom trønderfylka.

Konstitueringa skjedde i statsråd fredag, og Skjelbred har allereie vore i denne stillinga sidan mars 2015.

Brit Skjelbred er utdanna sivilarkitekt og har vore fast tilsett som assisterande fylkesmann frå 2011, etter å ha vore hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag sidan 1995. Mellom 2001 og 2004 var ho statssekretær for Einar Steensnæs (KrF) i Olje- og energidepartementet.

– Skjelbred har brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H). (©NPK)