Annonse

Britane får ikkje ta bagasjen med heim frå Egypt

(NPK-NTB-Reuters): Dei britiske turistane som flyg heim frå feriestaden Sharm el-Sheikh i Egypt fredag, får berre lov til å ha med seg handbagasje.

Tryggingstiltaka er skjerpa etter at Storbritannias statsminister David Cameron antyda at ei bombe kan ha vore årsak til flystyrten på Sinaihalvøya for ei veke sidan.

Dermed må bagasjen til dei britiske turistane fraktast med eit eige fly frå Sharm el-Sheikh.

Alle dei 224 om bord, dei aller fleste russiske turistar, omkom då eit russisk charterfly styrta på veg frå Sharm el-Sheikh til St. Petersburg sist laurdag.

Cameron avgjorde tidlegare i veka at alle britiske fly til og frå Sharm el-Sheikh skulle setjast på bakken som følgje av mistanken om at flystyrten kom av ei terrorhandling.

Egypt er avhengig av turismen og har reagert med sinne på den britiske avgjerda. Også russiske styresmakter er kritiske og seier dei ikkje har fått detaljar frå etterretninga bak Storbritannias handlingar. Det er Russland og Egypt som formelt etterforskar flykatastrofen.

Britiske flygingar til Sharm el-Sheikh er framleis innstilt, og britiske borgarar blir åtvara mot å reise til eller frå flyplassen. Ein reknar med at det er rundt 20.000 britiske turistar i området. (©NPK)

Annonse