Klargjør siden...

Britiske medium meiner Kanté er klar for Chelsea

(NPK-NTB): Fleire britiske medium melder fredag kveld at Antonio Conte hentar Leicester-ankeret Ngolo Kanté til Chelsea.

Ifølgje Sky Sports har klubbane blitt samde om ein overgangssum på 32 millionar pund, noko som svarar til 358 millionar kroner. Kanté skal ha gjennomført legesjekken, og det er venta at avtalen vert offentleggjort om kort tid.

Leicester skal ha tilbode franskmannen ein forbetra kontrakt, men spelaren skal ha vore klar på at han ønskjer seg til Stamford Bridge.

Kanté var ein av Leicesters nøkkelspelarar då eventyrlaget vann Premier League mot alle odds førre sesong. Midtbanespelaren deltok i EM på heimebane i Frankrike, men fekk ikkje spele i finaletapet mot Portugal.

Italienske Conte har også henta angrepstalentet Michy Batshuayi frå Marseille. (©NPK)

Annonse