Klargjør siden...

Brøndby-ultras angreip FCK-fans i Dortmund

Ekstreme Brøndby-supporterar har reist ned til Dortmund i samband med Champions League-kampen mot FC København for å slåst med FCK-fans.

Det stadfestar politiet i Dortmund overfor BT. Det skal vere ei gruppe beståande av Dortmund- og Brøndby-fans som måndag kveld angreip ei gruppe FCK-supporterar på Alter Markt-plassen sentralt i Dortmund.

– Dei første meldingane gjekk ut på at 50 til 70 personar frå ultragruppene i Dortmund og Brøndby var samla i Dortmund sentrum klokka 19.30. Ifølgje vitne vart ei isolert gruppe FCK-fans angripne på Alter Markt klokka 20.20 og kort tid etterpå på Kampstrasse. Då politiet kom, flykta dei involverte i ulike retningar, seier politiet til BT.

Ein video av ei gruppe menn som sparkar og trampar på ein person som ligg på bakken, sirkulerer i sosiale medium. Ein av mennene har på seg ei Brøndby-trøye med teksten «aldri alene».

Klubbens pressesjef, Christian Schultz, stadfestar overfor BT at klubben er kjend med situasjonen.

– Det er eit forferdeleg image og øydeleggjande for fotballen at fotballpøblar tek klubbane som gislar ved å ha på seg klubbdrakter i noko som absolutt ikkje har med fotball å gjere, seier Schultz.

Delar av fanmiljøet i Borussia Dortmund og Brøndby har jobba saman i ei årrekkje. Fans av FC København og Hamburger SV har også eit samarbeid.

(©NPK)

Brøndby-fans har angripe FCK-supportarar i Dortmund. Foto: Ólafur Steinar Rye Gestsson / NTB.

Annonse