Klargjør siden...

Bronse i svømming til Rung

(NPK-NTB): Svømmaren Sarah Louise Rung sikra den første medaljen til Noreg i Paralympics då ho torsdag tok bronse i favorittdistansen sin, 200 meter fri.

– Eg er veldig letta over å ta medalje, men litt skuffa over at det ikkje blei gull. Det var eit veldig sterkt heat og det er noko av dei sterkaste eg har svømt mot, seier ho til NTB.

Rung forsvarte gullmedaljen i 200 meter fri frå dei paralympiske sommarleikane i London i 2012, då ho blei Noregs mestvinnande utøvar. (©NPK)

Annonse