Brot og semje i lønnsoppgjera for vektarane

(NPK-NTB): NHO Service har forhandla vektarovereinskomsten med Norsk Arbeidsmandsforbund og Parat. Norsk Arbeidsmandsforbund er nøgde, mens forhandlingane med Parat braut saman.

– Økonomien i avtalen mellom NHO Service og NAF kompenserer ikkje ansvar- og kompetanseområdet til våre vektarar, heller ikkje den ulempa det er å jobbe natt og helg, seier Parats forhandlingsleiar Lars Petter Larsen.

Arbeidstakarorganisasjonen reknar med at det blir mekling i løpet av to veker.

– Når arbeidsgjevar ikkje vil møte oss på nokon av våre behov, set dei seg i ein situasjon der det kan bli streik blant sikkerheitskontrollørane på Gardermoen og fleire andre flyplassar, inkludert heliportar. Vidare kan utbygginga på Gardermoen og landanlegget ved Ormen Lange bli ramma ved ein eventuell streik, seier Larsen.

Derimot vart det klart at dei drygt 3.500 vektarane som er organiserte i Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) får 3,50 kroner meir per time i dei ulike lønnstrinna og ein auke på 2,50 kroner timen på fagbrevtillegget. I tillegg blir forsikringsdekninga auka.

Nokre tekstendringar som vart foreslått av Norsk Arbeidsmandsforbund er blitt vedtatt, blant anna presiseringar om lærlinglønn.

– Eg er glad og letta over at vi har komme til semje utan å måtte gå vegen om Riksmeklaren, seier forbundsleiar Erna Hagensen. (©NPK)

Annonse