Annonse

Bru over nye E6 i Gudbrandsdalen har kollapsa

(NPK-NTB): Ei ny limtrebru over nye E6 ved Sjoa i Gudbrandsdal kollapsa onsdag med ein tømmerbil oppå.

Brua av limtre vart montert i september i fjor som eit ledd i utbygginga av nye E6 i Gudbrandsdalen. Onsdag ettermiddag ved 14.30-tida vart politiet varsla om kollapsen som skjedde då ein lastebil køyrde over, opplyser politiet i Gudbrandsdal. Føraren er skadd og frakta til sjukehus.

– Dette skjedde inne på anleggsområdet. Brua er ikkje open for fri ferdsel, men blir brukt av anleggstrafikk i samband med utbygginga av E6, seier operasjonsleiar Ann Karin Sundgården til NTB.

Sjåføren av lastebilen vart frakta til sjukehus på Lillehammer. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Ifølge Gudbrandsdølen Dagningen vart trekonstruksjonen montert i september i fjor. Brua er ei av totalt seks trebruer levert av Moelven Limtre AS til den nye motorvegen. Ho er 45 meter lang, 5 meter brei og skulle etter intensjonen berre fungere som tilkomst til dyrka mark og skog. (©NPK)

Annonse