Annonse

Brundtland: – Ein sentral politisk leiar har gått bort

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland kallar den tidlegare politiske rivalen sin Kåre Willoch ein heidersmann.

– Ein sentral politisk leiar i landet vårt er gått bort. Kåre Willoch sette sterkt preg på samtida si i mange tiår, som statsråd og partileiar, før han vann valet og etterfølgde mine første 9 månader som statsminister i 1981, seier Brundtland i ei fråsegn måndag.

Dei to var sentrale personar i norsk politikk gjennom 1980-talet, og Brundtland minnest korleis dei var i både samarbeid og strid, men at regjeringa hennar stilte seg bak Willoch då han var kandidat til å bli Nato-leiar på slutten av 1980-talet.

– Eg har aldri vore i tvil om dei kvalitetane og dei sterke leiareigenskapane som prega den fremste politiske motstandaren min gjennom delar av 70 og 80-talet, seier ho.

Brundtland seier ho vil heidre og hugse Willoch som heidersmann, og med takk og stor respekt.

– Arne Olav og eg sender i dag våre tankar til Anne Marie og den nære familien, avsluttar den tidlegare Ap-leiaren.

(©NPK)

Gro Harlem Brundtland (t.v.) minnest den tidlegare politiske motstandaren sin og statsministerkollega Kåre Willoch som heidersmann. Willoch døydde måndag. Foto: Heiko Junge / NTB