Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufetat) ønskjer å rekruttere fleire homofile fosterforeldre, for å gjere ventetida for barn som treng ein ny heim kortare.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 12:32
Over 200 barn i Noreg står i kø for å få ein ny heim, og talet stig for kvart år. No ønskjer Bufetat å gjere køane kortare ved å rekruttere fleire homofile fosterforeldre, melder NRK.
Bufetat meiner det er viktig med mangfald mellom fosterforeldra, og at det derfor er naturleg å bruke homofile par – men tidlegare ordførar i Luster kommune Torodd Urnes (KrF) har ikkje sans for at homofile skal vere fosterforeldre. Han seier dette strir mot hans prinsipp.
– Eg meiner sterkt at ungane bør ha ein far og ei mor. Det har dei frå starten av, og det bør dei også ha i oppveksten, seier Urnes som no er kommunestyremedlem i Luster.
Rita Tonning i Bufetat seier dei er opptatt av å gå breitt ut og rekruttere mangfaldet av familiar.
– Barn er ulike og familiar er ulike. Men vi har gode erfaringar med homofile som fosterforeldre, og det har også kommunane, seier Tonning.
Foreininga for kjønns,- og seksualitetsmangfold FRI er positive til at Bufetats tiltak.
– Vi synest det er positivt at Bufetat ser forbi kjønn, og heller fokuserer på det som er viktig – nemleg å finne fosterforeldre som kan gi barna ein trygg og god oppvekst, seier nestleiar i FRI i Bergen og Hordaland, Joakim Aadland. (©NPK)