Buffer-kravet til norske bankar blir halde uendra

Finansdepartementet følgjer Noregs Banks råd om ikkje å endre buffer-kravet på 1 prosent for bankane.

Føremålet med det motsykliske kapitalbufferkravet er å gjere bankane meir solide og i stand til å tole utlånstap.

I samband med rentemøte onsdag, sende Noregs Bank eit råd om at bufferkravet på 1 prosent ikkje bør endrast no. Sjølv om aktiviteten i økonomien har teke seg opp, er den framleis lågare enn ved inngangen til året.

Noregs Bank skriv at det framleis er uvisse om tapsutviklinga framover. Kravet vart redusert frå 2,5 til 1 prosent i mars for å motverke at strammare utlånspraksis skulle forsterke nedgang i økonomien.

Det er venta at neste råd om bufferkrav frå Noregs Bank vil komme første kvartal neste år.

(©NPK)

Sentralbanksjef Øystein Olsen kunngjorde torsdag at Noregs Bank rår Finansdepartementet til å halde bufferkravet til bankane på 1 prosent. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB