Burnley kjøper islandsk EM-helt

(NPK-NTB-AFP): Burnley har sikra seg den islandske midtbanespelaren Jóhann Berg Gudmundsson på ein treårskontrakt.

25-åringen var tidlegare i sommar ein del av det islandske laget som overraska stort i fotball-EM. Gudmundsson er henta frå Charlton for 28 millionar kroner.

Signeringa er Burnleys første sidan klubben rykka opp igjen til Premier League.

– Jóhann er ein kvalitetsspelar. Vi likte det vi såg av han då han spelte for eit Charlton-lag som sleit. Han gjorde det òg bra i EM, seier Burnley-manager Sean Dyche til klubbens nettstad.

Sist sesong rykka Gudmundsson og Charlton ned til nivå tre i engelsk fotball. No skal islendingen i staden få prøve seg i Premier League. (©NPK)

Annonse