Klargjør siden...

Bussbrann i Bergen under kontroll

Det brann fredag kveld kraftig i ein buss ved Lagunen storsenter i Bergen. Ifølgje politiet skal det ikkje ha vore personar i bussen.

– Folka våre på staden melder at dei har kontroll. Sløkkinga har god effekt, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen til brannvesenet til NRK.

Det var dramatiske meldingar som kom inn om brannen.

– Vi har fått melding om at ein buss står i full fyr og er på veg mot staden, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NTB ved 19.40-tida.

Bussen står like ved ein stoppestad til Bybanen, og trafikken på banen er stansa.

– Det skal ikkje vere personar i bussen, men eg veit ikkje om det har vore passasjerar i han. Det er ingen personskade så vidt vi har fått vite, seier operasjonsleiaren.

– Eg køyrde forbi for litt sidan. Det ser dramatisk ut, sa augnevitnet Rebecca Wohlleben til Bergensavisen.

Ho fortel at bussen står under brua som går over til bybanestoppet på Lagunen.

Annonse