Annonse

Butikkar og kjøpesenter opnar igjen i Oslo: – Gå åleine og på tider der det er færre folk

Butikkar og kjøpesenter i Oslo kommune får opne igjen frå torsdag. Næringsbyråd Victoria Marie Evensen er klar på at strenge smittevernreglar må overhaldast.

– Eg er svært glad for å endeleg kunne vere i ein posisjon der vi forsiktig kan starte ei gjenopning av delar av næringslivet i Oslo. Gjenopninga av detaljhandelen er eitt av dei større tiltaka som var plasserte på trinn to i gjenopningsplanen til byrådet, sa Evensen (Ap) på pressekonferansen på onsdag.

Ho sa at Oslo kommune kjem til å samordne gjenopninga med omkringliggjande kommunar som Lillestrøm, Lørenskog og Rælingen for å unngå auka mobilitet mellom kommunane.

– Dei som kan opne no, må følgje eit strengt smittevernregime. Vi vil derfor vidareføre og forsterke dei smitteverntiltaka som til no har vore gjeldande for butikkar, sa Evensen.

Ho opplyste at det inneber at maksimalt tal på kundar skal avgrensast ut frå storleiken på lokalet. Kvar kunde skal ha minst fire kvadratmeter golvareal.

I tillegg skal det ved inngangspartiet opplysast om det maksimale talet på kundar som er tillate. Dei som jobbar i butikkane, må regelmessig sjekke at kundane òg klarer å halde to meters avstand til andre.

– Viss ikkje dette er mogleg, skal maksimaltalet på kundar reduserast, sa Evensen.

Ho sa vidare at kjøpesenter skal ha rutinar som sikrar at fellesareala på senteret ikkje blir nytta som tilhaldsstad eller ein stad ein et takeaway.

– Serveringsstader er berre opne for takeaway, sa næringsbyråden.

Skal ein ut og handle, må ein ha munnbind i butikk og på kjøpesenter viss ein ikkje klarer å halde to meters avstand.

– Gå gjerne åleine og på tider der det er mindre folk. Hald avstand og respekter reglane til butikkane og kjøpesentera. Saman sørgjer vi for at det er trygt å handle, sa Evensen.

(©NPK)

Byråd for næring og eigarskap Victoria Marie Evensen (Ap) orienterte onsdag om koronasituasjonen. Foto: Berit Roald / NTB