Annonse

Bystrøm på 9.-plass i fransk etapperitt

Sven Erik Bystrøm var det einaste norske innslaget i spurten på etappen på fredag i sykkelrittet Tour de la Provence i Frankrike. Rogalendingen vart nummer ni.

Etter 170 kilometer vart det italiensk dobbeltsiger. Davide Ballerini frå Deceuninck-Quick Step vann føre Giulio Ciccone (Trek), medan den spanske Astana-ryttaren Alex Aranburu tok tredjeplassen.

Bystrøm kryssa målstreken som sistemann i eit tetfelt på ni syklistar.

Vegard Stake Laengen vart nummer 70, og på plassen bak følgde Alexander Kristoff. Dei var eitt minutt og 18 sekund bak vinnartida. Til liks med Bystrøm syklar duoen for UAE-laget.

Andreas Leknessund deltek òg i Tour de la Provence. Tromsøværingen enda på 79.-plass.

Etappen på fredag gjekk mellom Cassis og Manosque. Rittet held fram laurdag og blir avslutta med fjerde og siste etappe søndag.

(©NPK)

Sven Erik Bystrøm tok 9.-plassen i fredagens etappe i Tour de la Provence. Foto: Geir Olsen / NTB