Klargjør siden...

Cameron går av i oktober

(NPK-NTB): David Cameron går av som statsminister i Storbritannia som følgje av resultatet i folkeavstemminga om EU. Ein ny regjeringssjef er venta å vere på plass i oktober.

– Eg vil sikre at skipet held ein stø kurs, men vil ikkje vere kapteinen som styrer skipet til neste reisemål, sa ein bevegd Cameron då han møtte pressa utanfor Downing Street 10 i London fredag formiddag.

Han slo fast at han er innstilt på å bli sitjande som statsminister fram til landsmøtet i det britiske konservative partiet i oktober.

– Viljen til det britiske folket må respekterast, slo Cameron fast, og gratulerte ut-leiren med sigeren i det han beskriv som ei stor oppvisning i demokrati.

– Eg kjempa med hovud, hjarte og sjel i valkampen, sa den avtroppande statsministeren, som opplyste at han fredag morgon hadde informert dronninga om si avgjerd om å tre tilbake. (©NPK)

Annonse