Annonse

Canada vil ta imot 25.000 syriske flyktningar

(NPK-NTB-AFP): Den nye statsministeren i Canada, Justin Trudeau, held fast på løfta frå valkampen om at landet skal ta imot 25.000 syriske krigsflyktningar.

– Målet er framleis å ta imot 25.000 syriske flyktningar innan 1. januar, seier Trudeau i sitt første intervju etter at han overtok som statsminister onsdag.

Trudeau tok også opp att løftet om å hente heim kampflya som har delteke i luftkrigen mot Den islamske staten (IS) i Irak og Syria.

– Flya skal hentast raskt heim, men på eit ansvarleg vis som respekterer våre allierte, seier Trudeau.

– Canadas allierte forstår veldig godt at denne regjeringa vart valt på eit klart mandat om å få slutt på flyangrepa, seier Trudeau.

Canada har også sendt 70 spesialsoldatar til Arbil i Nord-Irak, der dei deltek i treninga av kurdiske militssoldatar. Denne delen av det canadiske bidraget til krigen mot IS vil bli vidareført, seier Trudeau. (©NPK)

Annonse