Annonse

Canucks utlikna mot Zuccarellos Wild – Rangers slått ut av sluttspelet

Mats Zuccarello spelte eit snautt kvarter utan å notere målpoeng då Minnesota Wild tapte 3–4 mot Vancouver Canucks i NHL.

Nederlaget gjer at det står 1–1 samanlagt i best av fem-serien om ein plass i åttedelsfinalen i sluttspelet. Wild vann den første kampen 3-0, men var ikkje spesielt nær nokon siger tysdag.

Zuccarellos lag måtte tole ein umiddelbar kalddusj i kampen som vart spelt i Edmonton. Eit tent Vancouver-lag gjekk rett i angrep, og Tanner Pearson skåra etter berre 24 sekund. Han plukka opp pucken etter at Wild-målvakt Alex Stalock først hadde hindra eit skotforsøk frå Bo Horvat.

Wild kom seg tilbake i kampen og kunne gå til pause med 1–1 etter Luke Kunins utlikning på slutten av første periode. Det skulle likevel ikkje ta lang tid før Vancouver-laget fekk overtaket igjen.

Slo tilbake

J.T. Miller, som elles vart kåra til beste spelar i kampen, sende Canucks i føringa tre minutt ut i andre periode. Snautt seks minutt seinare vart det 3–1 då Brock Boeser pirka pucken inn etter ei smart pasning frå Elias Pettersson.

Horvat punkterte langt på veg kampen då han skåra i overtal seks minutt ut i tredje periode. Men Kevin Fiala ville ha eit par ord med i laget mot tampen. Han reduserte først til 2–4 med eit fint skot då det stod att drygt to minutt, og sju sekund før slutt sette han inn det andre målet sitt for kvelden. Men nærare kom ikkje Wild.

Laga møtest igjen torsdag og fredag i best av fem-serien i Edmonton. Ein eventuell femte kamp blir spelt søndag.

Mats Zuccarello hadde ingen minneverdig kamp tysdag. Nordmannen noterte ikkje eit einaste skot på mål og var på isen ved eitt av Wilds baklengsmål. Han fekk totalt 14 minutt og ni sekunds istid.

Rangers ute

Zuccarellos tidlegare klubb New York Rangers er ute av NHL-sluttspelet før det er skikkeleg i gang. Blåtrøyene tapte tysdag den tredje strake kampen sin mot Carolina Hurricanes og kan byrje å førebu seg til neste sesong.

– Det syg at det er over allereie. Eg kjenner berre tomleik, sa stjerneløparen Mika Zibanejad etter kampen.

Chris Kreider sende Rangers i føringa tidleg i andre periode, men seinare skulle Hurricanes slå nådelaust tilbake. Teuvo Teräväinen utlikna tre minutt seinare, og i tredje periode vart det heilmørkt for Rangers.

Warren Foegele gjorde 2–1 på pasning frå den tidlegare Rangers-spelaren Brady Skjei, før Sebastian Aho scora to gonger og styrkte sigeren.

(©NPK)

Mats Zuccarello og Minnesota Wild gjekk på eit feilskjer mot Vancouver Canucks i tysdagens kamp i NHL-sluttspelet. Foto: Codie McLachlan / The Canadian Press via AP / NTB scanpix

Sebastian Aho scora to gonger på tampen då Carolina Hurricanes sende New York Rangers ut av NHL-sluttspelet tysdag. Foto: Frank Gunn / The Canadian Press via AP / NTB scanpix