Annonse

Carina Olset sluttar i NRK

Carina Olset gir seg som programleiar og reporter i NRK. Ho har fått ny jobb i eit rådgivingsselskap.

Olset stadfestar nyheita i eit intervju med VG. 40-åringen har jobba i NRK dei siste 16 åra.

– Det er ei tid for alt. Eg har hatt det kult i NRK og vore utruleg heldig. Eg har nokre av mine beste venner i NRK og er takksam for alt eg har opplevd. No treng eg nokre nye «inputs» og utfordringar. Tida er inne for å lære noko nytt, seier ho til avisa.

Olset byrjar i den nye jobben sin i september. Ho avsluttar NRK-karrieren med fotball-EM-et til kvinnene i sommar.

Olset er utdanna ved Høgskolen i Bodø, og jobba i avisene Nordlys og Bladet Tromsø før ho byrja i statskanalen.

(©NPK)

Carina Olset sluttar i NRK. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse