Caritas: To tilsette drepne i Mariupol

To lokalt tilsette i den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas og fem av familiemedlemmene deira er drepne i Mariupol, ifølgje organisasjonen.

– Det tragiske angrepet fann truleg stad 15. mars då ei stridsvogn fyrte av skot mot bygningen til Caritas-senteret i Mariupol og drap dei to tilsette og fem av slektningane deira, opplyser Caritas tysdag.

Dei opplyser at det har vore utfordrande å kommunisere med dei tilsette i den kringsette hamnebyen, noko som har ført til at detaljane om sivile tap har vore knappe og vanskeleg å verifisere.

Ifølgje Caritas var det to kvinnelege tilsette som vart drepne då dei saman med familien søkte tilflukt i sentrum under eit bombeangrep.

Mariupol har vore omleira av russiske styrkar sidan starten av mars. Styresmaktene i byen har varsla at minst 10.000 sivile har vorte drepne.

(©NPK)

Ukrainske soldatar og hjelpearbeidarar står i øydeleggingane utanfor ei fødestove som vart hardt skadd etter eit angrep i Mariupol i mars. Biletet er teke 9. mars. Foto Jevgenij Maloletka / AP / NTB