Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Magnus Carlsen (31) stiller ikkje til ny VM-kamp i klassisk sjakk. Han har vore verdsmeister utan avbrot sidan 2013, men til neste år er det over.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 20.07.2022 kl 12:18
Sist oppdatert: 20.07.2022 kl 14:32
Han fortel om avgjerda i videopodkasten «The Magnus Effect».
– Eg har informert teamet mitt, Fide (Det internasjonale sjakkforbundet) og Jan (Nepomnjasjtsjij) om at eg ikkje kjem til å spele den kommande VM-kampen i langsjakk, seier Carlsen.
Som regjerande meister skulle han opphavleg ha møtt Nepomnjasjtsjij til ny duell i første halvdel av 2023. Carlsen slo russaren klart (7,5-3,5) i tittelkampen i Dubai før jul.
– Eg ikkje er motivert til å spele endå ein kamp. Eg kjenner rett og slett at eg ikkje har mykje å tene på det. Det er ikkje noko eg spesielt likar å spele. Sjølv om ein slik kamp sikkert ville vere interessant av historiske grunnar, så vil eg ikkje spele han, seier sjakkeinaren.
Nepomnjasjtsji kvalifiserte seg nyleg som Carlsens utfordrar ved å vinne kandidatturneringa i Madrid. No får han i staden Ding Liren som motstandar i neste års meisterskap. Kinesaren vart toar samanlagd i den spanske hovudstaden.
Carlsen lukkar ikkje døra for å delta i langsjakk-VM på eit seinare tidspunkt. Han har vorte verdsmeister i disiplinen fem gonger (2013, 2014, 2016, 2018 og 2021).
Merittlista hans består også av ei rekkje VM-titlar i hurtig- (3) og lynsjakk (5). 31-åringen har ingen planar om å slutte som elitespelar.
– Så det er heilt klart: Eg gir meg ikkje med sjakk, og eg vil framleis vere aktiv. Eg likar å spele turneringar, og det er mykje som skjer framover. Eg nyt det betre enn VM, seier han.
Framleis har han eit mål om å bryte milepælen 2900 poeng på Fide-ratingen. Carlsen har verdsrekorden på 2882 frå mai 2014 og august 2019.
– Eg håpar å komme nærare. Det vil openbert bli tøft, men i år har eg i det minste greidd å halde ratingen oppe. Eg ser fram til å forbetre meg, gjere ting rett og sleppe å bry meg om VM.
Den spanske storavisa El País melde nyleg at Carlsen var i samtalar med Fide-presidenten Arkadij Dvorkovitsj tidlegare i månaden.
– Det er rett at eg var i Madrid og møtte Fide-leiinga i samband med avslutninga av kandidatturneringa. Eg stilte ingen krav, og hadde ingen forslag, men var der for å fortelje dei at eg ikkje vil forsvare tittelen i den neste VM-kampen, stadfestar Carlsen.
Han seier at dei hadde ein liten diskusjon. Nokre av forslaga frå Fide fall i smak, men det fekk han ikkje til å snu. Carlsen legg til at han er komfortabel med avgjerda.
(©NPK)
Magnus Carlsen frå Norway Chess i år. Onsdag vart det kjent at han ikkje stiller i VM for å forsvare tittelen i langsjakk. Foto: Carina Johansen / NTB
2013: Magnus Carlsen var ein tur innom hotellbassenget i feiringa av den første VM-tittelen sin i langsjakk. Han slo det indiske heimehåpet Vishy Anand 6,5-3,5 i Chennai. Foto: Erlend Aas / NTB
2014: Russlands president Vladimir Putin gratulerer Magnus Carlsen på premieseremonien i Sotsji etter endå ein VM-siger over Vishy Anand. Denne gongen vann han med 6,5-4,5. Foto: Berit Roald / NTB
2016: Magnus Carlsen var i VM-trøbbel i New York, men slo hardt tilbake og vart verdsmeister for tredje gong då Sergej Karjakin vart slått i omspelet. Foto: Pontus Höök / NTB
2018: Magnus Carlsen smiler lurt bak ryggen på Fabiano Caruana etter å ha forsvart VM-tittelen endå ein gong etter knusande siger i omspelet i London. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.