Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPk-NTB): Magnus Carlsen slo til med ein solid siger over russiske Vladimir Kramnik i Norway Chess-turneringa onsdag.
npk@npk.no
Publisert: 27.04.2016 kl 19:02
Sjakkverdsmeisteren har dermed gått 42 kampar og 163 dagar utan å tape eit sjakkparti. Det er personleg rekord for Carlsen.
Den tidlegare verdsmeisteren Kramnik er rangert på andreplass i verda, men har på si side ikkje slått Carlsen sidan 2010, og det er spelt 15 parti mellom dei to sidan då.
Magnus Carlsen og hans hjelpar (Jon Ludvig Hammer) hadde gjort gode førebuingar, og nordmannen fekk til ei svært effektiv opning med sine kvite brikker mot Kramnik.
Den russiske stormeisteren hadde ei dårleg opning og brukte dessutan veldig lang tid på sine trekk. Han måtte også ifølgje sjakkekspertisen til TV 2 slite med ein isolert dobbelt bonde på f-rada. Russaren hamna tidleg i tidsnød, men klarte tidskontrollen med svært lita tid igjen på klokka. Stillinga hans hadde derimot forverra seg betydeleg.
Etter 50 trekk var kampen over. Carlsen står etter at sju av ni rundar er spelt med fem poeng. Han leier turneringa, som blir avslutta fredag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.