Annonse

Carlsen visste at tidlegare sjakkpresident hadde juksa

Sjakkstjerna Magnus Carlsen vedgår overfor NRK at han kjende til at den tidlegare sjakkpresidenten Joachim Birger Nilsen hadde juksa.

– Det som ramma Joachim først og fremst, var jo valet han hadde gjort tidlegare. Når det er sagt, så kjenner eg han godt og visste om det her. Det var ting som folk hadde lagt litt bak seg, og eg synest han takla det på ein god og veldig vaksen måte, seier Carlsen til NRK.

– Du visste at han hadde juksa?

– Eg hadde ikkje førstehandskunnskap, men eg visste at han … eg trur det var mange som visste at det var noko greier, i alle fall, svarer Carlsen.

I oktober i fjor innrømde Nilsen at han juksa for det norske sjakklaget «Norway Gnomes» i 2016/17-sesongen. Dagen etter trekte han seg som president.

NRK konfronterer Carlsen med kvifor han ikkje såg noko høgt i saka med Nilsen, medan han tok affære då han meinte å ha bevis for at sjakkrivalen Hans Niemann juksa.

– Det kan du seie. Det var eit anna omfang, og det var også ei sak som kvart fall den gong var rekna som at var ganske ferdig, seier Carlsen til kanalen.

Deretter avbryt Carlsen intervjuet og vil ikkje svare på spørsmål om han heldt igjen fordi Nilsen er ein ven.

Konflikten mellom Niemann og Carlsen har vore oppheta sidan i fjor haust. Carlsen trekte seg mellom anna frå Sinquefield Cup og antyda at Niemann hadde juksa.

Sidan har Niemann saksøkt Carlsen for mellom anna ærekrenkingar. Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) etterforskar saka og har varsla ei avgjerd i løpet av den neste månaden.

(©NPK)

Magnus Carlsen seier han visste om juksinga til den tidlegare sjakkpresidenten Joachim Birger Nilsen. Foto: Carina Johansen / NTB