Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Russlands anke av utestenginga frå Paralympics i Rio de Janeiro vil bli behandla av valdgiftsretten til idretten (CAS) måndag. Avgjerda blir offentleggjort tysdag.
npk@npk.no
Publisert: 19.08.2016 kl 15:38
Det opplyser Den internasjonale paralympiske komité (IPC) i ei pressemelding.
Opphavleg var det meininga at anken skulle bli behandla søndag, på OLs siste dag, men i staden skjer det dagen etter.
IPC suspenderte tidlegare i månaden Russland for ikkje å ha oppfylt sine forpliktingar som medlemsland, og særleg for systematisk doping og juks med dopingprøver. Avgjerda inneber, om den blir ståande, at russiske utøvarar ikkje får ta del i Paralympics i Rio i tida 7. til 18. september. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.