Annonse

Casper Ruud med klar siger i Davis Cup – god start for Noreg mot India

Casper Ruud var altfor god for den indiske motstandaren sin i den første kampen i Davis Cup-duellen i Lillehammer. Han vann som han ville med siffera 6-1, 6–4.

32-årige Prajnesh Gunneswaran, nummer 335 på verdsrankinga, var ingen målestokk for den norske verdstoaren.

Ruud brukte berre 21 minutt på å vinne dei fem første gama i kampen. Så greidde Gunneswaran omsider å vinne eit servegame, men Ruud serva heim det første settet til 6–1.

Neste sett fekk indaren lov til å leie ei kort stund etter at han innleidde med å halde serven. Så oppnådde han deuce i Ruuds serve, men nordmannen halte gamet i land og braut deretter til 2-1-leiing. Gunneswaran greidde å halde serven tre gonger til, men etter vel ein time var Ruuds siger i boks.

Tok han på alvor

– Det var ein tøff match mot ein spelar som servar veldig bra, særleg i 2. sett. Eg tok den seriøst, for det kjem ikkje mykje godt ut av å slappe av for mykje, sa Ruud til VG TV.

Så seint som søndag spelte han finale i US Open og gav den nye verdseinaren Carlos Alcaraz kamp om sigeren.

– Det var litt tungt å komme i gang onsdag. Eg har kjent meg friskare enn då, men eg har fått nokre gode netters søvn og komme ut av jetlag. No er eg motivert. Det er viktig å representere Noreg på ein god måte, sa Ruud.

Han sette pris på å spele framfor eit stort publikum.

Første gong

– Det er første gong eg har spelt på eit slik stadion og med slik stemning her i Noreg. Vi fekk det ikkje til i Oslo i denne omgangen, for Jordal Amfi var fullbooka, men då stilte Lillehammer opp, og det er hyggjeleg at så mange har teke turen, sa Ruud.

I den andre kampen fredag skal Viktor Durasovic (224 på rankinga) i aksjon mot Ramkumar Ramanathan (276). Laurdag er det double og to nye singlekampar i Håkons Hall. Første lag til tre sigrar sikrar plass i neste års kvalifisering til gruppespelet til hovudturneringa.

Taparen må spele kvalifisering om å behalde plassen på nivået under verdsgruppa.

(©NPK)

Casper Ruud i aksjon mot indiske Prajnesh Gunneswaran i Davis Cup i Lillehammer. Foto: Geir Olsen / NTB

Verdstoar Casper Ruud er på plass i Håkons Hall for å hjelpe Noreg vidare i Davis Cup-duellen med India. Foto: Geir Olsen / NTB

Casper Ruud mot Prajnesh Gunneswaran i Davis Cup-kampen mot India i Håkons Hall. Foto: Geir Olsen / NTB

Annonse