Klargjør siden...
Annonse

Casper Ruud møter ung amerikanar i Roma – kan bli Nadal neste runde

Casper Ruud møter den 21-årige amerikanaren Jenson Brooksby i åttedelsfinalen i Masters 1000-turneringa i Roma torsdag.

Brooksby sørgde for det ved å utklasse belgiaren David Goffin i andrerunden onsdag. Han vann med siffera 6–0, 7–6 (7–1).

Amerikanaren herja med Goffin i det første settet og vann det på litt over ein halvtime. Den 31 år gamle belgiaren var i ferd med å bli feia av grusen, men han spelte seg opp. Etter at Brooksby hadde vunne dei sju første gama i kampen, var det Goffin som fekk overtaket i det andre settet.

Goffin braut serven til motstandaren tre gonger, men amerikanaren braut tilbake. Goffin prøvde å serve heim settet på 6–5, men amerikanaren tvinga fram tie-break. Der var Goffin sjanselaus. Kampen var over på ein time og tre kvarter.

Ruud har aldri møtt Brooksby, som akkurat no er nummer 38 på ATP-rankinga. Nordmannen har falle nokre plassar den siste tida og er nummer 10.

Vinnaren av kampen torsdag møter anten den spanske gruskongen Rafael Nadal eller canadiaren Denis Shapovalov i kvartfinalen.

(©NPK)

Jenson Brooksby blir den neste motstandaren for Casper Ruud i grusturneringa i Roma. Foto: Gregorio Borgia, AP / NTB

Annonse