Klargjør siden...
Annonse

Casper Ruud tapte etter pangstart – ute av Wimbledon etter 1-3-tap for Ugo Humbert

Noregs tennisstjerne Casper Ruud fekk det tøft på graset i 2. runde i Wimbledon-turneringa. Han rauk 1–3 i sett mot franske Ugo Humbert.

Settsiffera vart til slutt 6-3, 2-6, 5-7, 4–6.

Ruud, som var i 2. runde av Wimbledon-turneringa for første gong, starta perfekt og tok føringa i kampen. Utover i oppgjeret vart Ruud meir defensiv, og Humbert fekk sving på sakene.

Det var tredje gongen Humbert slo Ruud på ATP-touren.

Humbert vann grasturneringa i Halle i fjor, men har hatt ein svak sesong med berre fem sigrar før Grand Slam-konkurransen i London.

Humbert, som tidlegare har vore nummer 25 på verdsrankinga, klarte ikkje å forsvare tittelen i Halle før årets Wimbledon-turnering. Dei svake resultata har sendt han heilt ned på 112.-plass på verdsrankinga.

(©NPK)

Casper Ruud i aksjon i Wimbledon. Foto: Alastair Grant / AP / NTB

Annonse