Annonse

Cavendish tok første stikk i Qatar

(NPK-NTB): Briten Mark Cavendish vann den første etappen av Tour of Qatar måndag. Alexander Kristoff tok fjerdeplassen.

Det var lenge usikkert om laget til Alexander Kristoff, russiske Katjusja, fekk stille til start på grunn av den siste dopingavsløringa i laget.

Laget stilte til start, og Kristoff vann den første innlagde sprinten framfor Cavendish og Sacha Modolo. Etter å ha sett fart i feltet framfor sprinten, fekk ei gruppe nærare minuttet ned til hovudfeltet. Kristoff, Sven Erik Bystrøm og Cavendish' lagkamerat i Dimension Data, Edvald Boasson Hagen, sat alle i tetgruppa.

Då BMC-laget sette fart mot slutten vart gruppa mindre og mindre. Cavendish vann framfor Modolo og Andrea Guardini, med Kristoff på fjerde.

Boasson Hagen vart nummer åtte og Bystrøm vart nummer 15. (©NPK)