Klargjør siden...
Annonse

Brækhus går ned ein vektklasse – førebur seg på stormøte med Taylor

Proffboksaren Cecilia Brækhus seier at ein kamp mot den irske stjerna Katie Taylor vil skje i år. Det kan bli den siste kampen hennar i karrieren.

Alt i Brækhus' boksekarriere blir no sikta inn mot ein gigantkamp mot lettvektsmeisteren Taylor som aldri har tapt ein kamp, over sommaren. Den 38 år gamle bergensaren har gått 36 proffkampar og vunne dei alle, men det venta møtet med den irske yndlingen blir hennar aller største – og kanskje siste – kamp.

– Det vil bli den største kampen innan kvinneboksing nokosinne. Det vil bli ein kamp som vil bli vist verda over. Det vil vere ein global megakamp, sa Brækhus på ein pressekonferanse på Fornebu måndag.

– Eg trur det kan bli ei verdig avslutning på ein karriere. Viss det blir avslutninga, då. Vi får sjå, la ho til med eit smil.

Må ned i vekt

Før gigantkampen med 33 år gamle Taylor, skal den norske boksedronninga uansett i ringen igjen. Motstandar og stad er enno ikkje kjent, men forhandlingane nærmar seg sluttfasen. NTB er kjent med at det blir jobba mot ein kamp i USA i april.

Brækhus går langt i å beskrive hennar neste tur i ringen som ein treningskamp før Taylor-duellen. Derfor kjem ho òg til å droppe ein vektklasse til kampen som blir boksa til våren.

– Det er vel det som blir realistisk, ja. Ho (Taylor) ønskjer å byggje seg litt opp, og eg ønskjer å gå ned i vekt, seier Brækhus til NTB om éi av årsakene til at boksefansen må vente ein del månader på duellen mellom dei to.

– Vi må jo finne ut av dette med vekt, og så skal jo denne kampen «bli hypa» opp over tid. Han må bli promotert, og eg trur vi hadde kasta bort ei stor moglegheit om vi berre hadde tatt denne kampen no.

Taylor er verdsmeister i fire forbund i lettvektsklassen og i eitt forbund i superlettvekt. Oppgjeret mot Brækhus vil truleg gå i sistnemnde klassen.

New York?

Brækhus boksa sin førre kamp 30. november, då ho slo Victoria Noelia Bustos på poeng i Monaco.

No vender ho blikket igjen mot USA.

– Det er sannsynleg at han går i «statane». Det er signalet eg har fått frå Matchroom (promotor), at dei ønskjer det.

Brækhus' pressekontakt i Noreg, Ivar Hippe, lufta moglegheita for at ho kan bokse sin neste kamp i storarenaen Madison Square Garden i New York.

– Ikkje noko er umogleg, svarte bokseveteranen som er verdsmeister i weltervekt i alle dei fem internasjonale bokseforbunda (WBA, WBA, WBO, IBF, IBO).

Motivert

Allereie tysdag reiser Brækhus tilbake til USA, der ho skal i treningsleir i Big Bear Lake i California. Ho vart sett tilbake av sjukdom ein liten periode, men er no klar for å trene for fullt.

– Etter Monaco var eg på ferie på Hawaii, der eg prøvde å lære meg å surfe. Så kom eg heim til Noreg og fekk skikkeleg influensa, så eg vart liggjande heile jula, fortel ho.

Sjølv om Brækhus innser at karrieren går mot slutten, har ho ingen problem med å motivere seg for dei komande kampane.

– Eg er framleis veldig svolten, fordi utfordringane mine forandrar seg jo heile tida. Det har jo noko med utviklinga i bokseverda å gjere. Sidan eg byrja å bokse, har det jo skjedd ein eksplosjon. Eg har òg indre motivasjon, men det motiverer ekstremt å halde fram med å vere med på å drive den utviklinga som har skjedd innan kvinneboksing. Det har gått frå null til hundre dei siste tolv åra.

(©NPK)

Cecilia Brækhus nærmar seg ein storkamp mot irske Katie Taylor. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix