Klargjør siden...

Cecilia Dinardi får Bjørnsonprisen

(NPK-NTB): Bjørnson-Akademiet heidrar advokat Cecilia Dinardi for lang og ueigennyttig innsats for rettane til barn og unge asylsøkjarar. Ho får Bjørnsonprisen i Molde 10. september.

Tolv år gammal kom ho til Noreg som flyktning frå Chile saman med mor si og to søsken.

– Ho opplevde kva det vil seie å vere barn i asylmottak og, seinare, kva det vil seie å vere ung innvandrar i Noreg. Denne innsikta motiverte Cecilia Dinardi til å skaffe seg norsk, juridisk utdanning og til å arbeide som jurist med barns rettar som spesialområde. Slik har ho bidratt til å gi ei stemme til ei gruppe som sjeldan eller aldri sjølv kjem til orde, heiter det i grunngjevinga frå Bjørnson-Akademiet.

Dinardi er i dag advokat og partnar i advokatfirmaet Elden. Ho har tidlegare vore juridisk rådgjevar for NOAS, og vart i 2011 kåra til «Årets forbilde» av regjeringa for sitt sterke engasjement for barneheimsbarn og asylbarn.

Bjørnsonprisen er på 100.000 kroner i tillegg til statuett og diplom. Den har sidan 2004 blitt delt ut under Bjørnson-festivalen. I fjor vart prisen tildelt Edward Snowden. (©NPK)

Annonse