Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters-AFP): Ei teikning av Gud med blod på hendene og ei automatrifle over skuldra pregar framsida av Charlie Hebdo eitt år etter at bladet blei ramma av eit terrorangrep.
npk@npk.no
Publisert: 04.01.2016 kl 14:38
Saman med teikninga står teksten «Eitt år seinare: Mordaren er framleis på frifot».
Dermed er det franske satirebladet enda ein gong nærast garantert å få reaksjonar både frå konservative muslimar og kristne. Den nye utgåva kjem ut onsdag i samband med eittårsdagen for terrorangrepet.
Åtte av dei tilsette i magasinet og fire andre personar blei drepne då to ytterleggåande islamistar angreip redaksjonslokala 7. januar i fjor. Til saman fem menneske blei drepne av ein annan muslimsk ekstremist dei neste dagane.
Omfattande tryggingstiltak blir sett i verk når eittårsdagen blir markert med fleire seremoniar i Frankrike denne veka. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.